Hopp til hovedinnholdet på siden
Innsendt av: Reidun Ramse Sørensen

To stikkrenner er sett ut av funksjon (og asfalten øydelagt)

Veg : Skader på veg eller gangfelt
2023-01-08 11:27 (#82746)
Ferdigbehandlet Ferdigbehandlet

Adresse: HAUGSBAKKLIA 12

Kart (60.38771209999999, 10.5721372)

Under anleggsarbeidet med nytt vatn-og kloakkanlegg på Jaren, bruka firmaet gangvegen mellom Haugsbakken, Utsiktsvegen og Haugsbakklia som anleggsveg og omkøyringsveg til eigedommane. Tunge lastebilar og gravemaskiner greidde ikkje hårnålsvingen frå Haugsbakklia til g/s-vegen, og firmaet fylde ut meir og meir i veggrøfta for å greie svingen. Men først hadde tungtrafikken køyrd sund asfalten i Haugsbakklia mellom gangvegen og ned til Nordre Ålsvegen. Det er breie langsgåande sprekkar på båe sider. På nordsida er sprekkane gjøymt under den før nemnde grusen, og tungtrafikken har laga djupare spor i asfalten der regnet no følgjer vegen nedover i staden for å renne av til grøftene.
Dei to stikkrennene som ligg under gangvegen frå båe sider av innkøyringa til Haugsbakklia 12, er no tetta att i utløpet, av hardpakka grus.
Når snøen smeltar - som no 8. januar - vil vatnet bli liggande på oversida av gangvegen og renne ned i dei to kummane som ligg i innkøyringa vår. Stikkrennene er tynne som sugerøyr, men har gjort nytta hittil fordi eg har passa på å tømme dei for sand og lauv. I utløpa og innløpet ved gangvegen er røyra knust av tungtrafikken og brøytetraktoren.
Etter anleggsarbeidet må firmaet/kommunen reparere skadene anleggstrafikken har årsaka. Då eg tala med ein av dei i fjor, fortalde han at dei hadde att ein del attfylling og asfaltering. Så kom frosten og gravearbeidet vart avslutta for vinteren. Men anlegget er ikkje ferdig før skadene blir reparert til våren: Eg ber om to nye stikkrenner og ny asfaltering over stikkrennene og ned til Nordre Ålsvegen.
Dersom kommunen vil legge til rette for at gangvegen skal kunne brukast som omkøyringsveg ved seinare høve, må krysset breiddast. (Då held det ikkje å grave opp att grøfta inn til dei gamle stikkrennene.) Då må kommunen grave ned nye, lengre røyr og med større dimensjon enn dei gamle, slik at bilar KAN greie svingen utan å køyre ned og brekke sund røyra i utløpet.
Gangvegen må for all del vere g/s-veg framleis. Men eg forstår at i enkelte ekstreme høve, kan det vere praktisk for kommunen å dekke til skiltet og bruke gangvegen som omkøyringsveg eller anleggsveg.

Kommentar fra kommunen:

Beskjed mottatt.